Pikadeg.jpg
logo_BLANK_left.png
 

«3 dagar i bekken og 3 dagar i sekken». Det er starten på ei regle som gamlingane brukte når dei brygga. Kunnskap som har gått frå generasjon til generasjon her på Vestlandet.

Dei brygga ikkje IPA før i tida, men Kveiken passar veldig godt til eit fruktig øl som dette. «La gå», som vi pleier seie.

Med denne serien med Kveika øl heidrar vi det gamle handverket, og er vårt vesle bidrag for å sjå til at tradisjonane vert løfta fram.

VOLUM
0,33 L
ALKOHOL
6,7%
BITTERHEIT
63 IBU