Banner-eige.jpg
 
 

Øl med eigen etikett

Eige øl til sommerfesten, kick-off, presang til ansatte eller kanskje være tidleg ute og bestille øl til julebordet?

Vi i Skifjorden Bryggeri kan no tilby deg handverksøl med eigen etikett. For oss er noko av det viktigaste å få fleire til å smake på handverksøl, og spre det glade budskap om handverksprodukt og lokalt gründerskap.

Vi vil anbefale desse typane:

- Lys Blonde (4,7 %)
- Lys Lager (pilsner)(4,7 %)
- Mørk Lager (4,7 %)
- Golden Ale (4,7 %)

Alle desse er øl som dei aller fleste likar godt. 

Skulle du ynskje meir smak på ølet ditt så tek du berre kontakt så skal vi finne ei oppskrift som passar.

I tillegg til å bestemme øl-type så får du din eigen etikett. Her kan du velge mellom ein enkel versjon, og ein versjon der du får ditt heilt eige motiv. 

På den enkle versjonen legg vi til logoen og ein tekst du ynskjer på etiketten. På den meir forseggjorte etiketten får du designa ditt heilt eige motiv. Dei som kjenner Skifjorden veit at vi jobbar mykje med etikettane, og du vil her ha mogelegheit til å få den slik du sjølv ynskjer. 

Er du ein flink designer (eller kjenner ein) kan du sjølvsagt lage den sjølv også.

For at dette skal bli enkelt og greit for deg så har vi nokre vilkår:
 

  • Minimumsbestillinga er 200 flasker
     
  • Leveringstid er 1 - 4 veker - avhengig av kva type du ynskjer og om du skal ha designa din eigen etikett
     
  • Vi leverer stort sett på døra innafor det sentrale Austland og strekninga Sarpsborg/Sogndal/Ytre Sogn
     
  • Pris for kvar flaske er 45 NOK ink mva, inkludert trykking av etiketten i ynskja opplag
     
  • Pris for design av enkel etikett har ein eingongskostnad på 600 NOK ink mva
     
  • Pris for design av etikett med eige motiv har ein eingongskostnad på 3.500 NOK ink mva (dette motivet kan du og bruke i andre samanhengar som plakat, digitalt, roll-ups ol)


For bestilling, spørsmål eller berre ein prat ta kontakt:

Mail: rolf@skifjorden.no
Mobil: 91 34 32 05